top of page

KONFIRMANT 2026?

Endeleg er det din tur til å vera konfirmant!

Konfirmanttida er ei tid for å tenke nye tanker, få nye opplevelser og kanskje nye venner! I konfirmanttida kan du bli betre kjend med deg sjølv, Gud og kva trua kan bety i livet vårt.

Påmelding til konfirmantopplegget

Tysdag 3. juni kl. 18:00: Infomøte om konfirmantåret 2025/2026 i Storsalen i Tunet. Møtet er for både føresette og konfirmantar.

 

Måndag 9. juni kl. 09:00: Påmeldinga startar! Føresette melder konfirmanten på, og saman vel de aktivitetsgruppe, konfirmasjonsdato og klokkeslett.

 

Informasjon om undervisning, grupper og aktivitetar vil bli klart i slutten av mai!

 

Vi i Os kyrkjelyd vil ønske deg velkommen til eit kjekt og innhaldsrikt konfirmantår hjå oss!

Aktivitetsgrupper og tilpassa opplegg

JoinUs Tensing

Du kan vera konfirmant i JoinUs, vårt ungdomsarbeid om onsdager. Dette er eit trygt og godt fellesskap å vera i, for deg som har lyst å finne ut om du liker å drive med musikk eller om berre finne ut om det er gøy.

TenSing er eit kor med band (ca. 30 medlemmer), og eit kreativt og kjekt fellesskap. Og som konfirmant blir du med i dette fellesskapet heile konfirmanttida. Medlemmene vel sjølv kva sanger dei skal synge.

 

Du kan vera med i band eller minikor, sjølv om du ikkje har gjort nokon av delene før. Men i JoinUs TenSing kan du og vera med i andre grupper som; lyd og lys- (teknikergruppe), mat-, danse-, drama-, hobby -, eller media/PR - gruppe. Du kan prøve litt i starten og sjølv finne ut kva for ei av desse gruppene du vil vere i, etterkvart. Etter haustferien vel ein kva gruppe ein vil vera i.

 

Vi møtes kvar onsdag kl. 18 – 21, har det veldig kjekt saman og drar på to leirer i løpet av året.

 

Inn i Bibelen

Actionheltar og eventyrarar, - tyrannar og forædarar: Bibelen er full av spanande forteljingar frå gamle dagar. Men visste du at bibelen handlar om deg? Bli med inn i Bibelen - bli betre kjend med deg sjølv og med Gud. Kva tyder det å vere kristen i dag?

Saman utforskar vi kva det vil seie å vere skapt, sett og elska av Gud. Vi les og undrar oss saman, vi ser film, vi oppdagar kjende kunstverk på nytt – og kanskje prøver vi oss som kunstnarar sjølve?

​

KRIK inne

Denne konfirmantgruppa er for deg som likar å være i aktivitet. Du trenger ikkje vera flink i sport, men ha lyst å vera med på dei kjekke, og morsomme aktivitetene vi driv med i KRIK ungdomsgruppa. Døme på aktivitetar vi gjer er gymsalklassikarar som hjørnefotball, stikkball, tarzantikken, stafettar og meir.
KRIK er ein kristen organisjon for idrett og aktivitet og har ein visjon om idrettsglede, trusglede og livsglede. Ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd har ei KRIK gruppe for ungdom, styrt og drevet av og for ungdom, og som møtast kvar fredag. Dette er trening med lav terskel, med fokus på bredde, glede og fellesskap. Kult om du vil bli med!

​

KRIK ute

Liker du å vera i aktivitet ute? Dette er gruppa for deg som vil gjere ulike idrettsaktivitetar utandørs. I KRIK Ute vil typiske aktivitetar vera Capture the flag, Frisbee ultimate, fotball, stafettar og generell allidrett. Viss snøen legg seg fint til i løpet av året køyrer vi aking. Men det viktigaste i gruppa er at det skal vera gøy for alle, uansett kva slags nivå og form vi er i.

​

Ut og sånn

Denne gruppa er for deg som likar å vere ute. Her øver vi på sikker turplanlegging og gjennomføring av tur i nærområda våre. Vi er ute kvar gang vi møtast. Vi øver på å lage bål, fyrstehjelp, bli kjend med allemannsretten, kart og kompass og andre kunnskapar som trengs for å kunne ferdast sikkert i naturen. Det blir garantert flotte opplevingar og gode samtalar. 

​

DELTA – Nettbasert konfirmantopplegg

Dette er tilbodet for deg som har lyst å konfirmere deg, MEN som har eit spesielt travelt fritidsprogram (kanskje fordi du er knytta til eit høgare nivå ifht trening osv).

​

Istaden for alle dei obligatoriske samlingane om onsdagane, følgjer du eit digitalt opplegg med undervisning og innleveringar. Du deltek på dei store felles arrangementa som «Avspark/oppstart», Lysmesse, Fasteaksjon, leir og avslutning, og har resten av undervisninga nettbasert/digitalt gjennom 6 leksjonar i eit opplegg som heiter «DELTAkonfirmant». Du får ei bok som er knytta til opplegget.

​

Dei digitale samlingane er basert på leksjoner om kristen tru og om det å vera menneske. Det er filmer og oppgaver knyttet til de 6 ulike leksjonene, og alt ligg på nett. Kvar leksjon må sendast inn til godkjenning av oss.

​

Rom for deg - Tilpassa konfirmantopplegg

Alle menneske er unike og nokre treng ulike tilpassingar av konfirmantopplegget. Uansett behov, funksjonsevne eller utfordringar i kvardagen har konfirmanten rett til ei god konfirmanttid.

Dersom din konfirmant treng eit individuelt tilpassa konfirmantopplegg, er det denne gruppa konfirmanten skal meldast inn i. Denne gruppa er òg for deg som likar deg best i mindre grupper eller har behov for tilrettelegging i opplegget.

​

Vi ønskjer å vera fleksible og imøtekommande for at både konfirmanten og de som konfirmantfamilie skal bli ivaretatt og ha eit forutsigbart, men tilpassa opplegg. Innhaldet og metodane kan vera praktisk retta. Samtale og visuell kommunikasjon kan vera nokre av dei bærande elementa i møte med bibelforteljingane.

​

Meld frå til oss så snart som mogeleg - for at vi skal kunne finne dei beste løysingane for konfirmanten er det viktig at vi får beskjed i god tid! Vi vil tenkje saman med dykk om ulike tilbod vi kan gje. Samlingane vil vera knytta til Os kyrkje og Tunet.

banner.png

© 2025 Os sokn/Ungdomstunet

  • Instagram
  • Facebook
  • TikTok
Sponsa av
logo_fana_primaer_pantone_ny.png

Tunet, kyrkje -og kultursenter

Øyro 49

Ungdomsleiar: 48 26 11 64

bottom of page