Fremhevet


Hjarteleg velkomen til oss!
Ungdomstunet er ungdomsarbeidet til Os kyrkjelyd. Vi tilbyr ulike aktivitetar for aldersgruppa 13 til 25 år. Hjarteleg velkomen til å ta del i fellesskapet!


Vi held til i midt i Os sentrum i Tunet Kyrkje og Kultursenter (Øyro 49).
Det er plass til alle
Vi har rom for alle og einkvar, - for dei som er godt kjende med kyrkja og dei som ikkje er det. Er du eller ungdommen din mellom 13 og 25 år, utfordrar vi til å ta turen innom på ein av dei kjekke møteplassane våre!
Kommande arrangement
Bli vakt?
Ungdomstunet driv med mykje rart, og mange ungdommar tek turen for å bli med på det kjekke vi finn på. Derfor treng vi mange vaksne som kan passe på at alt går som det skal. Vaksent fellesskap, kaffidrøs, praktiske oppgåver, - så ofte eller sjeldent du vil.
Gje ein lyd, så får du ein SMS når vi treng deg.
Klubben (Idun): 48266376
JoinUs (Harald): 48261164

Aktivitetar
Har du lyst til å spele i band og utvikle deg musikalsk saman med andre? Då er JoinUs-bandet midt i blinken for deg!
Her er alle instrument velkomne – enten du spelar gitar, bass, trommer, ukulele, flygel eller noko heilt anna. Du kan også ta med ditt eige instrument!I bandet lærer du det du treng for å spele saman med andre, og du får vere med på eit tett samarbeid med koret.
Bandet spelar på ulike arrangement og konsertar gjennom året, og er ein viktig del av det musikalske fellesskapet i JoinUs. Du treng ikkje å vere proff – det viktigaste er at du har lyst til å spele og ha det gøy!
Ungdomsrommet er opent.
Kvar onsdag kl. 18-21

Kontakt

_edited.jpg)





