top of page

JoinUs TenSing

Kvar onsdag 18-21

Velkommen til JoinUs! Her kan du velje å være med i dei ulike aktivitetsgruppene kor, band, dans, matlaging eller klubb. Vi startar med ei fellessamling med leik og planane før vi går i dei ulike gruppene. Etter gruppeaktivitetane serveres eit felles måltid, før vi avslutter med ein kort frivillig andakt.

 

Aldersgruppe: 8.klasse-VG3

​

For å delta på JoinUs må du være medlem i "KFUK-KFUM JoinUs". Det koster 400kr pr. kalenderår å være medlem. For dei som treng å sleppe denne kostnaden, har vi eit deltagarfond sponsa av Fana Sparebank som ein kan benytte. Økonomi skal ikkje vere eit hinder, så vær venleg å ta kontakt!

Grupper

Liker du å syngje og ynskjer å utfordre ferdighetene dine? Då er JoinUs TenSing for deg! Med vårt gode fellesskap og dyktige dirigenter trur vi du kjem til å stortrivast​.

​

Koret har lenge vore ein tradisjon i JoinUs. No står vi framfor eit spennande år med kjekke øvinger, tett samarbeid med band, øvingsleirar og konsertar.

Klubben

Klubben.png

Ein til to fredagar i månaden

Klubben kjem til hausten.

​

Klubblaget er i gang med å planlegge oppussing av Ungdomsrommet. Men rommet er opent kvar onsdag når det er JoinUs. Velkomen til å komme og henge!

​

Er du forelder eller har lyst til å stå vakt ein gong i blant til hausten? Ta gjerne kontakt med Idun (48266376).

Tru, Tvil & Tjeneste

20241124_202939 (1)_edited_edited.jpg

Ein fredag i månaden

maxresdefault_edited_edited.png

Tvil?

​

Har du lyst til å utforske dei store spørsmåla, eller bli betre kjent med den kristne troen? Kom på Pizza & Bibel kor du kan både reflektere over bibeltekster og stille dei vanskelige spørsmåla du sitt med. 

​

Vi spisar pizza saman med dei andre på Pizza & Bibel 16+ Aldri Åleine. Med andre ord, eit godt fellesskap rundt eit godt måltid. 

KRIK Os

17941032010585426.jpg

Kvar fredag 18-19.30 

Os Aktiv (Gymsalen til Os ungdomsskule)

Ein treng ingenting for å vere med på treningane våre. Vi driv med ulike aktivitetar, som for eksempel fotball, volleyball, frisbee-kasting og mykje meir. Vi har også ei lita andakt under treninga. Vårt mål er å ha det kjekt og skape eit trygt og godt miljø for unge her i Os. Ta med deg ein venn og eit smil, så snakkast vi på fredag!

​

Aldersgruppe: 8.klasse-VG3

MedieGruppa

sharegrid-N10auyEVst8-unsplash.jpg

Glad i foto? Likar du videoproduksjon? Interesse for lyd og lys?

​​

Mediegruppa fotograferer, filmar og streamer det som skjer i Kyrkjelyden.

​

Gruppa produserer innhold til digitale plattformar, for intern bruk og til publisering. Her kan du få vere med både framom og bakom kamera og mikrofon, frå planlegging - opptak/filming - redigering til publisering.​

Speidaren

landsleir 25_topp_Lars Røraas_ny.png (billboardbiggie).png

"Store vandrarar"

Måndagar 18-19.30

"Roverar"

1-2 tysdagar i månaden

Speiding er kristen tru, meistring, fellesskap, friluftsliv, teambuilding, kameratskap og mykje meir.   

​
Speidermetoden er å læra ved å gjere, kunne ta vare på seg sjølv og andre under ulike forhold,  og læra nasjonalt og internasjonalt kameratskap. 

​

Store vandrarar: 7.-10.klasse

Roverar: 16-26 år

Vil du bli med i speideren, kontakt:
Torbjørn Hergum (7-10.klasse)

Telefon: 901 56 339

Ingeborg Holemark (videregåande og oppover)

Telefon: 900 21 355

Les meir her

Ledertrening

IMG_4204.jpg

Ynskjer du å utvikle deg sjølv som leiar? Utfordre deg sjølv på oppgaver som du ikkje har gjort før? Vera ein trygg person for dei rundt deg? På Ledertrening kan du få utfordra deg sjølv.

​

Vi har også eit forum for unge leiarar, kor ein kan komma for å oppleva trygge rammar og ta del i eit fellesskap av andre unge likesinnede. 

Vil du bli kjend med nye folk og deg sjølv på ein ny måte? Ha det kjekt samtidig som du lærer noko nytt? Leiarkurset MiniLederKurs (MILK) er for ungdom som ynskjer å bli kjend med seg sjølv, finne sin plass i fellesskapet og læra å stå opp for andre. Målgruppa er deg som har vore konfirmant og har lyst til å vera med vidare i kyrkja. Kanskje lurer du på om å være leiar kan vere noko for deg?

Bli med då vel!

Syns du noko av dette høyrdes kjekt ut? Då kan du enten berre ta turen for å teste det ut, eller melde deg på via skjemaet under.

 

Ta kontakt med Harald Skoglund Dahler om du lurar på noko.

IMG_1054.JPG

Tunet, kyrkje -og kultursenter

Øyro 49

Takk! Du høyrer fra oss.

banner.png

© 2025 Os sokn/Ungdomstunet

  • Instagram
  • Facebook
  • TikTok
Sponsa av
logo_fana_primaer_pantone_ny.png

Tunet, kyrkje -og kultursenter

Øyro 49

Ungdomsleiar: 48 26 11 64

bottom of page