top of page

Tusen takk!

Ungdomstunet er heilt avhengig av kyrkjas trofaste ildsjeler, lokale bedrifter, ideelle organisasjoner, og engasjerte vaksne som på kvar sin måte stiller opp for ungdomane i Os.

Tusen takk til alle som bidreg!

original-5C88744B-D6C8-4338-B689-CD33C18A145C_edited.jpg
Samarbeidspartnarar

Samarbeidspartnarar

Fana Sparebank

Fana Sparebank har gjennom fleire år støtta arbeidet både økonomisk og med ved å tilby gratis økonomikurs for ungdommane våre. Dei var med å starte deltakarfondet, noko som ikkje hadde vore mogleg utan dei. Fondet sikrar at ungdommar som ikkje ville hatt råd til å bli med på aktiviteter, slik som leir, får bli med. Måltidene fortset å vere gratis på arrangementa våre med hjelp av, blant anna Fana Sparebank. Dei gav ein stor sum til åpningsfest med konsert og pizza for Klubben, som blei eit høgdepunkt for mange. Finn Ruben og Jeanette heldt óg eit forrykande show frå scena. Fana Sparebank bidrar sterkt til å forebygge utenforskap, og det er vi takknemlege for. Tusen takk!

NMS Gjenbruk Os

NMS Gjenbruk Os har donert ting og tang til oss i mange år. Dette har vore til stor glede for ungdommane som har besøkt arrangementa våre. Tusen takk!

Lille Ballong

Lille Ballong med Henning i spissen har i fleire år gjeve mykje av si tid og fasiliteter for å skape ekstra kjekke møteplasser for ungdommane. Spelemaskinar, sumobryting, ballongar og sukkerspinn er noko av det. Vi er heilt sikre på at mange kjem og tek del i fellesskapet takka vere det gøye som Lille Ballong kjem til Tunet med. Tusen takk!

Y's Men

Steindalen

Frivillige vaksne

Frivillige vaksne

Ungdomstunet driv med mykje rart, og mange ungdommar tek turen for å bli med på det kjekke vi finn på. Derfor treng vi mange vaksne som kan passe på at alt går som det skal.

På JoinUs og Klubben er vaksne vakter tilstades. Tilstedeværelsen forebygger uønska hendingar, og gjev dei ansatte tid og fokus på å byggje relasjonar med ungdommane. Vi er rett og slett avhengige av frivillig hjelp frå vaksne for å drive eit forsvarleg ungdomsarbeid.


Vakter velger sjølv om ein vil bli satt opp i ein vaktplan, eller om ein vil bli spurt fortløpande etter behov. Det er med andre ord ein fleksibel ordning som burde kunne passe dei fleste. Vi krever kun politiattest, og oppgåvene vil bli tilpassa dine ynskjer. Nokon er opptatt av det relasjonelle, mens andre er mest opptatt av sikkerhet. Og begge er fint.

Vaktrolla kan gi deg:
- Kaffi
- Vaksent fellesskap
- Meining
- Praktisk kunnskap

Har du lyst til å bidra til at ungdommane i Os har ein trygg og kjekk møteplass? Då er dette noko for deg.

Kontakt Harald for å bli vakt på JoinUs, leir, julegalla, sommeravslutning og andre kjekke aktiviteter.
Kontakt Idun for å bli vakt på Klubben.

Harald:

48261164

hd793@kyrkja.no


Idun: 

48266376

if594@kyrkja.no

banner.png

© 2025 Os sokn/Ungdomstunet

  • Instagram
  • Facebook
  • TikTok
Sponsa av
logo_fana_primaer_pantone_ny.png

Tunet, kyrkje -og kultursenter

Øyro 49

Ungdomsleiar: 48 26 11 64

bottom of page